NM i litteratur 7

NM i litteratur

bookmark

Med Anne Gaathaug og Tuva Ørbeck Sørheim

onsdag 14. desember 2022, kl. 19:00 til kl. 20:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis. Meld på ditt lag (max 6 pers) til post@litteraturhuset.no

Kven blir noregsmeister i litteratur i 2022?

Atter ein gong har du høve til å ta ein pause frå kakebakst og golvvask og tørke støvet av gammal kunnskap: levande og døde forfattarar, gode sitat, sære pseudonym og nesten ukjende passasjar frå Det nye testamentet.

Set saman eit lag av vener med om lag same ambisjonar som du sjølv, les gamle heltar om att, og ta med ein penn som fungerer. Så er det klart for å utfordre vinnarlaget frå i fjor og gjere sitt for å få namnet sitt inngravert på den gjæve vandrepokalen.

Spørjemeistrar er Tuva Ørbeck Sørheim og Anne Gaathaug. Maks seks deltakarar per lag og påmelding til post@litteraturhuset.no.