Norsk målstemna 2021Foto: Høgnorskringen

Norsk målstemna 2021

bookmark

Nynorsk bibel i 100 år

lørdag 25. september 2021, kl. 15:00 til kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Studentmållaget i Oslo, Skuleboknemndi, Høgnorskringen, målnemndi i Bondeungdomslaget i Oslo og Norskt Måldyrkingslag.

Inngang: Gratis

I 1921 kom den fyrste heile Bibelen på nynorsk ut. Det var Bibelnemndi åt Studentmållaget i Oslo som var utgjevar. Mange målkunnige hev vore med på å setja um Bibelen til ulike tider. Dette seminaret set søkjeljoset på arbeidet med umsetjing av Bibelen til landsmål og nynorsk.

Kl. 15-16: Fyrebilsbibelen (1921). Bibelspråk mellom daglegspråk og litteraturspråk ved professor Anders Aschim, Høgskulen i Innlandet. Spursmål og ordskifte.
Kl. 16-17: Seippel og Storboki – umsett og umyrkt frå grunnteksti ved Anders O. Søyseth i Norskt Måldyrkingslag. Spursmål og ordskifte.
Kl. 17-17.30: Matpause
Kl. 17.30-18.30: Norskt bibelmål gjenom soga ved Thorgeir Holm i Ivar Aasen-sambandet. Spursmål og ordskifte.