Norsk målstemna 2023

Norsk målstemna 2023

bookmark

2012-normi, normering og Indrebø-bibelen

lørdag 23. september 2023, kl. 12:00 til kl. 15:00

Sal: Berner (u. et)

Arrangør: Norsk måldyrkingslag, Målnemndi i Bondeungdomslaget og Høgnorskringen

Inngang: Gratis - inga påmelding

No hev den nye rettskrivingi for nynorsk golde i ti år og me tek ordskiftet um norsk normering på målstemna i år. Umfram innleidingar og ordskifte um 2012-målet, normeringi frametter og døme på eit rettskrivingsspursmål frå i dag fær me høyra um Indrebø-brøderne og målet i Indrebø-bibelen. Det var den gjeldande nynorskbibelen i den norske kyrkja frå 1938 til 1978, og hev vore eit samlingsmerke og fyredøme for alle som vilde standa imot målbrigdet og samnorskpolitikken som rådde i stats- og skulenynorsken i same tidbolken.

Program:

Litteraturhuset i Oslo, laurdag 23. september i Berner-kjellaren

12.00: Velkomen!
12.05: Brøderne Indrebø, rettskrivingi deira og bibelmålet ved Håkon Ambrosius Remøy.
12.35: Spursmål og ordskifte.
12.45: Døme på normering i dag: «sjåast» ved Thorgeir Holm.
13.15: Spursmål og ordskifte.
13.30: Mat og drøs.
14.00: Ordskifte um 2012-normi og normering frametter ved Daniel Ims (Språkrådet) og Sergej Alexander Munkvold (Ivar Aasen-sambandet).