Novelle-snikkikk

Med Aina Basso og Mikkel Bugge

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Med Aina Basso og Mikkel Bugge

Velkomen til novelle-kveld, med utdrag frå to av haustens novellesamlingar!

Fiskaren Ragnar dreg opp eit garn som aldri blir tomt for fisk. Havgrim kløyver skallen til Harald med øks og blir lyst fredlaus. 11 år gamle Eidunn blir sendt vekk frå familien for å gå i lære i nonnekloster, medan tannknekkaren Bergsveinn minnast Bergtora, som valde å bli dødeleg for kjærleiken sin til han. Novellene i Eg rissa desse runene har ei historisk runeinnskrift som førelegg. Innskriftene stammar frå 11–1200-talet, og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrift og magiske formular.

Forfattar og historikar Aina Basso pustar liv i menneska og mellomaldersamfunnet, ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter likevel minner om våre. Ho har tidlegare skrive sakprosa og skjønnlitteratur for både ungdom og vaksne, ofte med historisk bakteppe. For ungdomsboka Inn i elden vart ho nominert til Brageprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds barne- og ungdomspris, og ho var festspeldiktar i 2022. Til hausten kjem novellesamlinga Eg rissa desse runene, som ho vil lese frå i kveld.

Ein som også har markert seg som ein skarp novelleforfattar, er Mikkel Bugge. Med si tredje novellesamling skriv han fram bisarre situasjonar, steile individ, og uventa løysingar. Dei fire novellene i En forbløffende etterligning er leikne, oppsiktsvekkande og sprengar grensene for røyndomen. Ei kvinne føder seg sjølv på ein klinikk i Belgia, ein mann må bli si eiga kone for ei natt, og ein gut oppdagar ein skjult inngang til menneska si sjel.

Mikkel Bugge debuterte med novellesamlinga Yttersider i 2007, og har sidan skrive noveller, romanar og dramatikk. For romanen Gå under jorda vann han Havmannprisen og vart nominert til P2-lytternes romanpris og Ungdommens kritikarpris, og den siste novellesamlinga hans Tauet vart nominert til Brageprisen. Novellesamlinga En forbløffende etterligning, som han vil lese frå i kveld, blir den femte boka hans.

Litteraturhuset Berner (u. et) Gratisbilletter legges ut 20. juni kl. 9.00 https://litteraturhuset.ticketco.events/no/nb/e/novellesnikkikk_med_aina_basso_og_mikkel_bugge Snikkikk høytlesning Skjønnlitteratur

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!