Poesi-snikkikk

Anna Kleiva, Nils-Øivind Haagensen og Thomas Marco Blatt les høgt frå poesibøkene som kjem i haust.

Portretter av Nils-Øivind Haagensen, Thomas Marco Blatt og Anna Kleiva
Foto: Baard Henriksen, Rolf M. Aagaard og Ingvil Skeie Ljones

Det er klart for poetiske førpremierar! Litteraturhuset inviterer til poesi-snikkikk, som byr på smakebitar frå haustens poesibøker.

I 2023 laga poet Anna Kleiva og musiker Vilde Tuv bestillingsverket Solplomme til Dei nynorske festspela i Ørsta, og i haust blir verket gitt ut som bok. Denne kvelden les Kleiva nokre av tekstane, kor midtsommarmytane og dei gamle jonsoktradisjonane står sentralt. Portane til åndrike står på vidt gap, og den som er vaken eller ute på vift, kan kome i kontakt med alle slags krefter.

I diktboka Litteraturvitenskap på nittitallet, går Nils-Øivind Haagensen i dialog med sitt yngre eg. Dette er dikt om den kjensla av fridom det litteraturvitskaplege studiet fylte den unge studenten med, om det å tru at han endeleg kunne sleppe unna barndomen, men sjå seg sjølv bli innhenta av han, alltid. Om å få hjelp til å finne ein måte å leve på og trøyst til å halde ut.

Etter fleire romanar vender Thomas Marco Blatt no tilbake til poesien. Dikt kretsar om barndomsvennen, fotballspelaren, dykkaren. I nokre år er han sentral i omgangskretsen, han er hjartet og han er hjernen. Og så, plutseleg eller gradvis, er han ikkje det lenger. Dikt er ei diktsamling om vennskap og fellesskap, om einsemd og brot, om festane, reisene, fedrane og lengta etter verda.
Velkomen!

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!