Iliaden og Odysseen blir som regel lesne i lys av seinere tiders mannsjåvinisme og kvinneundertrykking. Men i si nye bok Sanninga om Homer meiner Solveig Aareskjold å kunna påvisa at dei homeriske verka har eit før-patriaralsk verdsbilete og ei livsforståing som skil seg radikalt frå Bibelen og den klassiske antikken, aller mest når det gjeld synet på kvinneleg og mannleg.
Solveig Aareskjold er romanforfattar og essayist. I den faste spalta «Solveigs salt» i Klassekampen skriv ho humørfylt om kvinne- og mannsroller i historisk perspektiv. Med Sanninga om Homer bryt ho med gjengse tolkingar i ei bok som er både underhaldande og innhaldsrik.
I dette føredraget legg Aareskjold fram nokre sentrale poeng frå boka, og gir ein ny visjon av korleis homeriske kvinner og menn er å forstå.