Skitt fiske

Stein Torleif Bjella og Endre Ruset

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Stein Torleif Bjella og Endre Ruset

Ja, Fiskehuset er ei sann historie. Det einaste som ikkje er sant, og det har eg heller ikkje tenkt å avsløre: Namnet på vatnet Storsenn. Det heiter eigentleg Øvringsvatnet, men det er galskap å skrive her, med tanke på tjuvfiske.

Fiskehuset har vore i familien frå Ål i generasjonar, og kvar haust er det tid for haustfiske. I år har den aldrande Ivar på 79 bestemt at brorsonen Jon på 47 skal overta plassen, fordi han, som Ivar seier, «manglar initiativ», og då vil ingenting endre seg. Denne haustveka skal han overføre all si kunnskap til Jon. «E set alltid bilen akkurat der. So då gjer du med det,» seier Ivar.

Gjennom ei veke ved Storsenn skriv Jon flittig ned dei mange ordstraumane til onkel Ivar om fiskehuset, vatnet, slektshistoria og sjølve livet, og sper på med eigne refleksjonar. I eit skakt og originalt univers gir Stein Torleif Bjella oss ei forteljing om natur og tradisjonar, om kvar vi kjem frå og kva vi tar med oss vidare.

Bjella er musikar med ei rekke prisvinnande album bak seg. I 2017 debuterte han litterært med diktsamlinga Jordsjukantologien. Fiskehuset er den første romanen hans. No møter han forfattar og poet Endre Ruset til samtale om fiskevann, bygdeliv og seige onklar.

Litteraturhuset Wergeland https://litteraturhuset.ticketco.events/no/nb/e/fiskehuset_stein_torleif_bjella_og_endre_ruset

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!