Velsigne våre blå kroppar 1Foto: Leyla Jeyte (Shire) og Khashayar Naderehvandi og Mariell Øyre (Farrokhzad)

Velsigne våre blå kroppar

bookmark

Warsan Shire og Athena Farrokhzad

onsdag 21. september 2022, kl. 19:00 til kl. 20:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Priser: Voksen 100,-Student 70,-

eg kan skrive diktet og få det til å forsvinne.
Stefar spyttar sprit tilbake i glas,
Mammas kropp rullar tilbake opp trappa, knokkelen knekk tilbake på plass,
kanskje beheld ho barnet.

Warsan Shire er ein kritikarrost og prisvinnande britisk poet. I 2016 vart ho trekt fram av artisten Beyoncé som ei av hennar favoritt-poetar, og ho figurerer på albumet «Lemonade» og i filmen «Black Is King». I 2014 var ho første poet som fekk tittelen Young Poet Laureate of London.

Shire er fødd av somaliske foreldre i Kenya og oppvaksen i Storbritannia, og har sagt at ho nyttar si eiga erfaring som innvandrar, så vel som erfaringar frå familie og kjende i det ho skriv.

Dei to diktsamlingane hennar, Eg lærer mor mi å føde og Velsigne dottera oppdratt av ei stemme i hovudet, er begge gjendikta til norsk av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen. Her utforskar ho tema som oppvekst, mødrer og døtrer, svart identitet, migrasjon, familie og tru gjennom eit stilsikkert språk, der både referansar til popkultur og ord og frasar på somali er fletta inn.

Athena Farrokhzad er ein svensk poet og forfattar, særleg kjent for debutsamlinga Vitsvit, om migrasjon, kvitheit og vald. No møter ho Shire til ein samtale om poesi og marginaliserte menneske og erfaringar.

Samtalen vil foregå på engelsk.