Ei eindå kortare historie

Føredrag, spørsmål og svar ved Bill Bryson

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Arrangementet er utsolgt, men samtalen direkteoverføres på storskjerm i Kjelleren. Overføringen er gratis og det er ikke mulig å forhåndsbestille billetter.

Kva veit du eigentlig om verda? Globetrottaren og skribenten Bill Bryson sat godt fastspent i flysetet på veg over Stillehavet og såg ned på det blinkande blå då det slo han kor uendeleg lite han i grunnen visste om alt der nede. Han stilte seg nokre fundamentale spørsmål om, ja, nesten alt, og sette seg føre å svara på dei alle. Lerretet han så tok til å pensla, var breitt nok til å kunna rullast rundt ekvator: heile verdas utvikling frå Big Bang til sivilisasjonane fekk fotfeste. Utan vidare føresetnader enn vitelyst, eit klokt hovud og ein skarp penn skreiv han så boka En kort historie om nesten alt som handlar om korleis vi gjekk frå å vera ingenting – til å verta oss.

Både for Bryson sjølv og for sjangeren var dette definitivt nybrotsarbeid. For innsatsen fekk han millionar av nøgde lesarar og dessutan Aventis-prisen, den kanskje viktigaste bokprisen for vitskapslitteratur, og EUs Descartes-pris for kunnskapsformidling.

Etter fyrst å ha halde føredraget «Ei endå kortare historie om nesten alt» på Litteraturhuset vil Bryson svara på spørsmål frå både biologiprofessor Dag O. Hessen og frå publikum. Hessen har tidlegare hevda at Noreg er eit U-land når det kjem til forskingsopplysing. Med Bryson kjem naudhjelpa: Hans evner når det gjeld livfull formidling og forståelege forklaringar av vanskelege fenomen er nærmast grenselause, og me trur me kan lova ei underhaldande og opplysande stund når han no vitjar Oslo i samband med utdelinga av Kavliprisen i Konserthuset.

Wergeland Litteraturhuset Føredrag, spørsmål og svar ved Bill Bryson

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!