På 90-talet vart det kviskra om at Geir Gulliksen, på den tida redaktør i Tiden, hadde ei heilt eiga evne til å snuse seg fram til det som kunne verte store forfattarskapar. Linn Ullmann, den gong mellom Noregs finaste kritikarar og kulturjournalistar, var ei av dei han fann. Og godt var det. Hennar debutroman, Før du sovner, kom ut i 1998 og begeistra både ein stor norsk lesarskare og eit internasjonalt publikum på heile 23 språk. Andreboka Når du er hos meg fekk tilsvarande strålande mottaking, og den tredje, Nåde, vart kåra av Weekendavisen til ei av årets ti beste utgjevingar og nominert til Independent Foreign Fiction Prize. I 2008 følgde avisa Independent opp ved å utrope Et velsignet barn til årets beste omsette roman.
No kan du verte mellom dei absolutt fyrste til å oppleve stemninga i Ullmanns etterlengta femte bok, når ho kjem til Litteraturhuset for å presentere tekst under arbeid. Me spår at ventetida på fem år har vore verd det, og at det vert rift om plassane.
9. mars 2010:
Arrangementet er dessverre avlyst. Om du har kjøpt billetter kan du få disse refundert ved å henvende deg til Litteraturhuset til post@litteraturhuset.no (mailto:post@litteraturhuset.no), telefon 22 95 55 30 eller i administrasjonen i 2. etasje i våre åpningstider mandag til fredag kl. 09-16. Vi beklager!
Amalie Skram Litteraturhuset AVLYST