Exit Europa

Laurdagsforedrag ved Øivind Bratberg

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Det britiske fleirtalet har tala: Storbritannia skal ut av EU. Røystinga har ført til ei polarisering, og statsminister Theresa May har langt frå eit samla folk i ryggen. No har ho skrive ut nyval, og den 8. juni går britane til stemmeurnene. Vil det føre til økt støtte for statsministeren, eller er det ein sjanse for opposisjonen, med Jeremy Corbyn frå Labour i spissen, til å styrke sin posisjon? Landet som framleis held seg med eit House of Lords og lange historiske politiske tradisjonar, er ikkje kjent for dramatiske omveltingar av det slaget vi såg med Brexit. Kva for utvikling kan vi sjå føre oss politisk og i det britiske samfunnet framover? Kva er utsiktene for valet, for unionen, for skotsk sjølvstende og for eit splitta Labour?

Øivind Bratberg er fyrstelektor ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo og har arbeidd særleg mykje med britisk politikk. I dette foredraget gir han ei innføring i britisk politikk og samfunn, som no står framfor store endringar.

Foredraget er del av serien om europeiske stormakter i endring på Litteraturhuset denne våren.

Wergeland Litteraturhuset Laurdagsforedrag ved Øivind Bratberg

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!