Det er Max Velthujis som har skrive forteljingane om den grøne frosken. Éi handlar om då ein framand slår seg ned i skogkanten, grisen vil at dei skal halde seg unna, men frosken snik seg nærmare. Ei anna om då den grøne frosken ikkje skjønar kvifor han blir ør kvar gong han ser den kvite anda. Inger Gundersen har tidlegare mellom anna stått bak dei fine lydbøkene og songane om Lillesøster og Ludde. No har ho laga ei framsyning basert på dei to forteljingane Frosken og den framande og Den forelska frosken. Passar for barn frå fire år.
ILL.: Max Velthuijs
Kjelleren Litteraturhuset Framsyning med Inger Gundersen