Historia om David

Carl Frode Tiller om Innsirkling 2

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

På grunn av stor interesse har me flytta arrangementet med Carl Frode Tiller til Wergeland, som har plass til fleire folk. Billettar som det står "Kjelleren" på, gjeld framleis, men arrangementet vil altså vera i Wergeland.

”Høstens store norske” Dagens Næringsliv
”En intens opplevelse” VG
”Et storverk i norsk litteratur” Dagsavisen
”Et gnistrende troverdig bilde av mennesket” Morgenbladet

Kven har forma den du er? Kva betyr du for omgjevnadene dine? Kva tenkjer venene dine eigentleg om deg? David lid av komplett minnetap og kan ikkje svara på nokon av desse spørsmåla. For å nærma seg sanninga om seg sjølv set han inn ein avisannonse der han bed alle som ein gong kjende han om å skriva brev og fortelja om ting dei har delt saman.

I haust kjem framhaldet på Carl Frode Tillers suksessroman. Gjennom auga til tre nye vener vert historia til David falda sakte ut, samstundes som det går opp for oss at det vel så mykje er liva til dei andre vi les om. Med djup psykologisk innsikt og eit merksamt blikk fortel Tiller dei ofte vanskelege og brutale kvardagshistoriene deira.

Carl Frode Tiller er ein meister i å skildra korleis menneske lever saman, og han har ei unik evne til å setja ord på både relasjonar mellom menneske og verda dei lever i. Dette kom ikkje minst til uttrykk i mottakinga av den fyrste boka om David, som gav Tiller både Brageprisen, Kritikerprisen, Sultprisen, EUs litteraturpris og ei innstilling til Nordisk råds litteraturpris.

«Starten på noe stort», skreiv journalist i Dagsavisen Annette Orre den gongen. I kveld møter ho Tiller på scena i Litteraturhuset for å snakka om ein varsla suksess.

Om Innsirkling II:
"Det finnes ingen i Norge som kan skrive så hjerteskjærende om forhold i familie og mellom nære venner som Carl Frode Tiller. Den utstrakte bruken av dialoger får teksten til å ligne teatermanuskripter, og får meg til å tenke at Tiller må være det største dramatiske talentet Norge har fostret på lange tider." – Knut Hoem, NRK P2

"Han er malen de andre skriver etter … han sirkler inn leserne gjennom sin nervepirrende evne til å formulere det psykologiske spillet mellom mennesker. Der er Tiller suveren." – Cathrine Krøger, Dagbladet

Singelkutt: Steinar Opstad

Etter arrangementet er det Onsdagskjeller med egen bar, spill, bøker og musikk i Kjelleren.

Wergeland Litteraturhuset Carl Frode Tiller om Innsirkling 2

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!