I am woman…

Laurdagsforedrag ved Cathrine Holst

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

«… hear me roar», song Helen Reddy i 1970 og bidrog til at ein heil generasjon kvinner brølte for like rettar mellom kjønna. Førti år etter er songen enno aktuell – sist framførd i karaokeversjon på stiletthælar i Sex og singelliv. Og jamvel om nokre ser for seg mannshatande kvinner med hår under armane når dei tenkjer på ein typisk feminist, er kanskje ikkje vegen så lang fram mot nakne lår og eigeninnkjøpte Manolo-sko? For kva er eigentleg feminisme? Og kven kallar seg feministar i dag?

For mange er feminismen frigjeringskamp på lik linje med kampen mot rasisme og klassedelte samfunn. Andre ser han som ei fornekting av klassiske kvinneroller som bidreg til oppløysing av familien. Nybiologien og livmorfeminismen har òg fått auka spelerom dei seinaste åra og slår eit slag for dei framifrå kvinnebrysta og for ulikskap mellom kjønna. Sosiolog og seniorforskar Cathrine Holst er ein kjend skribent og debattant med stor kunne om historia til feminismen og kva han har hatt å seie. Med utgangspunkt i boka Hva er feminisme kjem ho til Litteraturhuset for å forklare og diskutere dette omgrepet som er så inderleg elska, hata og misforstått.

Wergeland Litteraturhuset Laurdagsforedrag ved Cathrine Holst

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!