Kva er ein roman?

Tone Selboe, Gunnhild Øyehaug og Dan Andersen

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Ingen skjønnlitterær sjanger har så mange lesarar som romanen. Kva er det med romansjangeren som gjer at han engasjerer oss så sterkt? Kva særmerkjer romanen som form, historie og sjanger? Og kva skil ein god roman frå ein dårleg?

I Hva er en roman gir litteraturprofessor Tone Selboe ei innføring i den populære sjangeren, med vekt på forma romanen har, dei tematiske mogelegheitene og historikken. Forfattar Gunnhild Øyehaug er lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og fekk sitt litterære gjennombrot med romanen Vente, blinke som nett vart seld til amerikansk omsetjing. Ho fekk òg mykje ros for romanen sin frå i fjor, Undis Brekke. Dan Andersen er forfattar og redaktør i Cappelen Damm, der han særleg har fokusert på yngre samtidslitteratur. No blir det fyrst miniføredrag om sjangerhistorikk ved Selboe før dei tre samtalar om forma og eigenarta til romanen.

Kjelleren Litteraturhuset Tone Selboe, Gunnhild Øyehaug og Dan Andersen

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!