Det er seksti år sidan det starta, og måtte det aldri slutta! Eurovisjonens musikkonkuranse er fenomenet du ikkje treng å ta på alvor, men som blir tusen gonger meir fascinerande når du gjer det.
Linda Eide (snakk & blokkfløyte) og Sjur Hjeltnes (piano og snakk) tek oss med til melodiar og episodar som seier noko om vår nære europeiske kulturhistorie, politiske historie og språkhistorie.
Det handlar om jazz, om tidenes juryskandale, om general Franco og La la la, om nellikrevolusjonen i Portugal, om Djengis Kahns ritt i jødeland og ein direktesend norsk kulturdebatt utan sidestykke – oj oj!
Og kven var den norske musikaren som kunne finna på å gi berre eitt poeng til Radka Toneff i 1980?! Velkomen til ein time med faktamoro om ein musikkonkuranse som manglar både sidestykke og hemningar.
Journalist, forfattar og programleiar Eide dukkar no ned i historia og kjem opp att med fakta som gjer at den verda du trudde du kjende, blir sjåande litt annleis ut. Hjeltnes, klassisk utdanna pianist og seriøs komikar, tek seg av den musikalske bækkinga på sin letthjarta, fordomsfrie og improviserande måte.
Wergeland Litteraturhuset Med Linda Eide og Sjur Hjeltnes