Notidsskalden

Einar Már Guðmundsson om kollaps og revolusjon på Island

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Foto: Scanpix

Bileta frå dagane i 2009 då revolusjonen kom til sagaøya, har sett seg fast på den kollektive netthinna vår: Dei elles så nøgde og fredsæle islendingane hamrar laus på potter, kjelar og kar for å overdøyve bortforklaringane frå dei som leidde landet inn i finanskrisa. Kvar gjekk det gale? Kven bør få svi? Og kvar går vegen vidare?

«Jeg har forsøkt å flå skinnet av mørket og hugge hodet av elendigheten», skriv den kjende islandske forfattaren Einar Már Guðmundsson i Den hvite boken. Med harmdirrande tone og bitande humor deler han her sine tankar om krisa på Island og set situasjonen opp mot ei større verdsøkonomisk historie.

«Kvitboka» er rapporten, ei slags stortingsmelding, som regjeringa på Island legg fram for borgarane sine kvart år. Már Guðmundssons kvite bok er noko kvassare og meir direkte i forma, og forfattaren peikar uredd fingeren mot dei han meiner må ta skulda. Sjølv tek han sitt ansvar. Tidlegare i år møtte han personleg den norske regjeringa for å spørje om lån til Island og stilte sjølv som garantist for tilbakebetalinga.

Mimir Kristjansson er halvt islending, tidlegare leiar for Raud Ungdom og no journalist i Klassekampen. Han møter Már Guðmundsson saman med samfunnsøkonom og journalist i Morgenbladet Maria Reinertsen, som i fjor gav ut boka Ligningen for lykke. Tallene, tankene og tilfeldighetene bak den rådende økonomiske fornuft. Dermed er det duka for engasjerte og nådelause diskusjonar om ekspansjonsvikingar og finansfyrstar, Karl Marx, revolusjon og framtida til Island på Litteraturhusets scene denne kvelden.

Einar Már Guðmundsson vann Nordisk Råds litteraturpris i 1995 og er i Noreg for å ta imot Bjørnsonprisen som han får for både forfattarskapen og det sterke sosiale engasjementet og innsatsen under den internasjonale finanskrisa på Island.

Kjelleren Litteraturhuset Einar Már Guðmundsson om kollaps og revolusjon på Island

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!