Poesisnikkikk spesial

Sigmund Løvåsen, Cesilie Holck, Eldrid Lunden og Gunnar Wærness

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Sigmund Løvåsen, Cesilie Holck, Eldrid Lunden og Gunnar Wærness

Det er klart for poetiske førpremierar!

I Sigmund Løvåsens diktsamling Med øksene dei haustar inn handlar det om å dyrke, så og hauste, mennesket som formar landskapet, og landskapet som formar menneska. Eldrid Lunden vart tildelt Brageprisens heiderspris i 2000. Tretten år har gått sidan sist ho kom med ei diktsamling, så det er eit storhende når samlinga Det er berre eit spørsmål om tid kjem no til hausten. Cesilie Holck fekk mykje merksemd for debuten Norg frå 2009. Ho er attende i kortprosaformatet og aktuell med Besserwisser. Gunnar Wærness fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for samlinga Kongesplint då ho kom i 1999 og har gjennom seinare utgjevingar stadfesta posisjonen sin som ei viktig lyrisk stemme. No kjem han med Venn med alle. Velkomne.

Litteraturhuset Wergeland Snikkikk

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!