Forfattarbesøk ungdomstrinnet: Dei dødsdømde

Forfattarmøte med Aina Basso

Portrett av Aina Basso. Omslag boka Dei dødsdømde.
Foto: Oda Berby

Møt forfattar og historikar Aina Basso. I boka Dei dødsdømde fortel ho historia om dødsstraffa i Noreg og presenterer nokre av dei som blei avretta.

Ei kvinne blei brend i år 1301 fordi ho utgav seg for å vere prinsesse; ei anna blei brend på slutten av 1500-talet fordi folk meinte ho var heks. Ein tenåringsgut blei halshoggen etter å ha fått barn med si eiga søster på 1600-talet, og ei tenestejente som på 1800-talet viste seg å vere ein iskald seriemordar, mista hovudet under øksa til bøddelen.


Dødsstraffa blei ikkje avskaffa i Noreg før i 1979, men etter 1876 har ingen her i landet blitt avretta i fredstid.

I dag verkar det fjernt at vi har dømt menneske til døden og halshogge eller brent folk framfor store folkemassar, særleg sidan mange av dei kriminelle handlingane dei blei straffa for, ikkje lenger er straffbare. Samtidig veit vi at mange andre land i verda framleis avrettar kriminelle. Kva er argumenta for dødsstraff, og kva er grunnen til at Noreg ikkje vil ha det lenger?

Det blir forfattarmøte torsdag 24. og fredag 25. oktober. Begge dato tre klokkeslett: 9.30, 10.45 og 12.00. Varighet cirka 45 minutter.

Gratis for påmelde skuleklassar via denne lenka


For meir informasjon eller spørsmål, send e-post til skole@litteraturhuset.no


Skulebesøka er støtta av Sparebankstiftelsen.

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!