Tru og trolldom: Olga Ravn

I samtale med Wencke Mühleisen om kvinnelege fellesskap og hekseri.

Portrett av Olga Ravn
Foto: Sara Galbiati

Ein stad under jorda ligg eit voksbarn gravlagt. Voksbarnet, på storleik med underarmen på eit menneske, er forma av bivoks, og utstyrt med negler og hår fra ein person som er meint å lide. I 400 år har det liggje nedgravd, fått med seg menneske som har kome og gått, alle endringane i omgivnadene. Men aller først tilhøyrde voksbarnet adelskvinna Christenze Kruckow, og følgde henne i 40 veker, fram til ho og hennar venninner vart brent på bålet mistenkt for bruk av trolldom.

Med utgangspunkt i trolldomsprosessane på Sydfyn og Aalborg rundt 1596-1621, gir Olga Ravn med boka Voksbarnet, til norsk ved Inger Bråtveits, eit historisk blikk på vald mot kvinner, tru og trolldom. Historia blir skildra med både humor og varme gjennom voksbarnets auge, som gjennom si udødelegheit verkar som ein portal mellom hendingar i samtid og datid. Kva er det med voksbarnet, eit ikkje-levande objekt, som gjer at det blir den perfekte forteljar?

Olga Ravn er ei av Danmarks fremste forfattarar. Ho har utgitt ei rekke kritikarroste titlar, slik som Dei tilsette som ho òg blei nominert til Den internasjonale Booker-prisen for, og Arbeidet mitt som ho fekk Politikens litteraturpris for.

No vender ho attende til Litteraturhuset for å snakke med forfattar og kjønnsforskar Wencke Mühleisen om kvinnelege fellesskap og hekseri.

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!