Frode GryttenFrode Gryttens hjemmkontor. Foto: Privat

Frode Grytten

Poetisk påskeegg

Frode Grytten har skrive poesi, romanar og barnebøker, i tillegg til at han er ein av våre fremste novelleforfattarar. Sitt store litterære gjennombrot fekk han med romanen Bikubesong  frå 1999, ei utgjeving som skriv fram miljøet rundt smelteverket i Odda.

Bikubesong er omsett til fleire språk, har blitt til suksessteater og Frode Grytten blei dessutan nominert til Nordisk råds litteraturpris i tillegg til at han vann Brageprisen. Med romanen Flytande bjørn frå 2005, blei han tildelt Rivertonprisen.

Grytten skriv presist og djupt humoristisk. Det er ofte dei vanlege menneska og dei vanlege liva han zoomar inn på, men smertepunkta og drama i desse kvardagene er universelle.

I dag les han det nyskrive diktet Stengetid, folkens.

 

Også Grytten har svart på Litteraturhusets spørsmål:

 

Litteraturhuset: Kva var siste bok du las før koronaen kom til landet?

Frode Grytten: Eg las diktsamlinga til Simon Armitage, The Unaccompanied, og kortprosaen til Mary Ruefle, My Private Property.

– Korleis ser kvardagen din ut nå? Har mykje endra seg dei siste vekene?

Kvardagen liknar mistenkeleg på den gamle kvardagen, bare at regjeringa no har bestemt at folk ikkje skal forlate dette huset om morgonen. Dermed er det både heimeskule og heimeundervisning og heimekos og heimekrangling. Folk verkar redde for einsemd og isolasjon, og det forstår eg verkelig, men forfattarar er topptrent for isolasjon, og dei treng det for å funke optimalt, som langdistanseløparar. Så profesjonelt fagleg saknar eg stillheita i huset.

– Kva for forfattarskap vender du ofte attende til?

Ja, det er jo fleire det. Ali Smith. Raymond Carver. José Saramago. Grace Paley. Claire Keegan. Colm Toibin. John McGahern. Askildsen. Solstad. Fante. Fosse.

– Er det ei spesiell bok du vil råde folk til å lese nå, om dei sit koronafast?

Les ei god ei, det er vel det viktigaste. Til dømes Forklaringsopplysningane av UKON, svensk og suveren poet. Vittig og skarp og medrivande.

– Kva jobbar du med for tida?

Eg fullfører ei novellesamling som skal ut i bokhausten, om det finst ein bokhaust der ute i 2020. Det gjør det muligens. Og så har eg skrive ei barnebok, Leggetid, som Mari Kanstad Johnsen skal illustrere. Blir fint, ja.

– Kjem du til å skrive dikt eller roman om korona?

Ja, det kjem vel alle til å gjere? Eit par dikt har eg allereie skrive, og ei novelle, muligens, vi får sjå, den novella er i kokaren, får sjå om ho blir god nok etter at ho har kokt litt lenger. Romanar om koronaen får dei sjølvmedvitne og snørrhovne romanforfattarane ta seg av.

– Kva trur du folk kjem til å seie om denne perioden i norsk historie når det heile er over?

Slette tid.

– Er det spørsmål du synest vi burde ha stilt deg, som vi ikkje har stilt?

Korleis ser du ut på håret? Og korleis kjem du til å sjå ut på håret når frisøren opnar salongen igjen? (Sorry, men har Folkehelseinstituttet tenkt på frisyrane til folk flest, eigentleg?)