Boklansering: Kjønnstru

På denne boklanseringa vil fyrsteamanuensis Kamilla Aslaksen ved Høgskolen i Innlandet leia ein samtale med Kalvig, og det blir opning for spørsmål frå salen.

Portrett av Anne Kalvig med navn og beskrivelse på boka
Foto/illustrasjon: Privat

Anne Kalvig (1972) er ein norsk religionsvitar, tidlegare professor ved UiS. Ho har vore aktiv i norsk kvinnerørsle i over 30 år, og er nå nestleiar i Women’s Declaration International Norge.

Boka Kjønnstru: Kampen om røynda spør korleis og korfor me har bytta ut ei objektiv forståing av røynda med ei subjektiv forståing. Konsekvensane er omfattande. Subjektive trusførestillingar om kjønn som ein slags sjeleessens, er blitt nedfelt i lovverk, utdanningssektor, behandlingsapparat og offentlegheita generelt. Dei som tar til motmæle, blir stempla som hatefulle og høgreekstreme. Reell, akademisk og politisk debatt har blitt unngått, med negative følgjer for kvinners diskrimineringsvern og barn og unges rett til vern mot skadeleg, irreversibel og eksperimentell behandling. Boka tar eit oppgjer med denne situasjonen, og foreslår at «kjønnsidentitet» får vern som trusførestilling. Ei objektiv forståing av kjønn må gjeninnførast i lovverk og samfunn.

På denne boklanseringa vil fyrsteamanuensis Kamilla Aslaksen ved Høgskolen i Innlandet leia ein samtale med Kalvig, og det blir opning for spørsmål frå salen.

Boksignering vil skje ca. 14:30 hos Norli i første etage.

Medvit forlag er Kalvigs eigne forlag. Dette er fyrste utgjeving på forlaget.

Link til Facebook-arrangement her.

Den enkelte arrangør er ansvarlig for arrangement og tekst, innhenting av fototillatelse og fotokreditering. For spørsmål om innhold, deltakere eller andre detaljer, ta kontakt direkte med arrangøren.

Vil du leie Nedjma?

Dette arrangementet finner sted i Nedjma. Nedjma er en mellomstor sal i Litteraturhusets tredje etasje.

Bilde av salen Nedjma i 3. etasje på Litteraturhuset med tomme stolrader.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!