Alle kan kjenne at dei no og då treng ein pause frå seg sjølve. Stoppe opp og finne ein nøytral plass utan relasjonar og forpliktingar. Men blir verkeleg livet lettare utan?
I ein artikkel i Morgenbladet tidlegare i år skreiv Janike Kampevold Larsen om to romanar frå i fjor som forsvann. Menn som skreiv samfunnskritisk med rasande penn, skygde for kvinner som òg stilte spørsmål kring den moderne overlevinga, men utan harme, vald og spektakulære hendingar. Cathrine Knudsens bok De langtidsboende og Kristine Næss’ Hannahs historie med Heddy undersøkte båe den nøytrale kvardagen på «vippepunktet mellom hva det er å fungere og hva det er å bare være», hevda Kampevold Larsen.
Marit Eikemo nærmar seg det same temaet i sin roman av hausten. Ho brakdebuterte som romanforfattar i 2006 og er no aktuell med Arbeid pågår. Her møter vi Harald, som reiser til den mest nøytrale og innhaldslause plassen han kan tenkje seg for å skrive ferdig doktoravhandlinga si om Ibsen-parodiar. Den norske kolonien på Costa Blanca er plassen folk dreg til for å gjere ingenting. Men reisa får ei anna retning enn venta og leier til spørsmål kring eiga sjølvforståing og røyndomen han lever i. Møt tre forfattarar i samtale med forfattar og kritikar Brit Bildøen om å skildre det nøytrale og om å skrive godt blant høglydte menn.
Singelkuttet: Siv Kristin Rotevatn
Amalie Skram Litteraturhuset Marit Eikemo, Cathrine Knudsen og Kristine Næss