Dei to sauene Bø og Bæ blir stadig vekk vikla inn og ut av problem utan at dei skjønar så mykje av det. Benny er ein hyggeleg liten gris, og Gubben og katten har også etter kvart fått ein stor vennekrins i Norge. Dei norske omsetjarane Ragnar Hovland og Stein Versto les og fortel om Bø og Bæ og Benny. Skodespelaren Sigve Bøe har vore med og laga lydbok av fleire Gubben og katten-forteljingar, og lovar at han kan lage mange ulike stemmer. Dette er ein gyllen sjanse til å bli kjend med hitane i nyare svensk barnelitteratur.
Aldersgruppe: 2 år og oppover.
Wergeland Litteraturhuset Ragnar Hovland, Stein Versto og Sigve Bøe