Når språket sviktar
Å vere annleis. Kven har definisjonsmakta? Kva tyder orda som blir brukte?
Olaug Nilssen skriv i boka Tung tids tale om det å få eit barn som gradvis endrar åtferd, mistar språket. Det er ei bok om å møte systemet, om fortviling og skam. Om å møte veggen, og om å oppleve at nokre gonger er hjelpeapparatet den veggen. Om raseriet: Kvifor han? Og kvifor oss? Dei utfordringane barnet sjølv, foreldre eller sysken får, er éi sak. Møtet med hjelpesystemet ei anna. Eller snarare systema. For dei er fleire og har eigne språklege utfordringar. Språket sviktar.
Jan Grue er professor ved Institutt for spesialpedagogikk. Han forskar på framstillinga av vanlege og uvanlege kroppar i offentlegheita, og har blant anna gitt ut boka Kroppsspråk – Fremstillinger av funksjonshemning i kultur og samfunn. Han er òg skjønnlitterær forfattar. I fjor kom romanen Det blir ikke bedre. I vår blei han sjølv nekta plass på toget til Lillehammer, trass i gyldig billett. Slikt held ikkje når ein nyttar rullestol. «Foreldrene mine fikk meg til å innse at problemet lå i strukturene, ikke i meg,» har Grue sagt i eit intervju i Aftenposten.
Andreas Wiese er dagleg leiar på Litteraturhuset, har sjølv ei dauvblindfødd dotter og leier samtalen.
På grunn av stor interesse for arrangementet legger vi ut gratisbilletter til foredraget “Velkommen til Gilead” som Toril Moi skal holde mandag 9. oktober kl. 19.00. Billettene kan hentes ut fra mandag 2. oktober kl. 9.00. Mer om foredraget og lenke til å hente ut gratisbillett finner du her.